View Project

Norwegian AI Directory

Rehearsing Teaching Professionally (ReTPro) – Building Purposeful Teaching Repertoires to Bridge Theory and Practice in Teacher Education


Description:

ReTPro (Rehearsing Teaching Professionally) har som overordna mål å bidra til å etablera ei grunnskulelærarutdanning der lærarstudentane får høve til å øva på å vera den fagleg utøvande læraren, også når dei er på campus. Lærarstudentane vekslar mellom å øva på, utøva, undersøkja og reflektera over si eiga og andre si undervisning for å utvikla rike og reflekterte faglege undervisningsrepertoar. Dette skjer i samspel med lærarutdannarar, lærarar, medstudentar og elevar. Me kallar ein slik arena for Øvingsrommet for å synleggjera at me utviklar og studerer kva det vil seia å arbeida øvingsbasert i lærarutdanninga og kva dette medfører for dei involverte. I samarbeid med partnarskulane våre fokuserer me på inklusjonsdidaktikk, kritisk tenking og demokratisk medborgarskap. Sjølv om det er internasjonal semje om at demokratisk medborgarskap er ynskjeleg og bør fremjast som ein integrert del av skule og undervisning, er sjølve konseptet komplekst og ofte vanskeleg å få tak på. I tillegg til kvalifisering, vektlegg øvingane også sosialisering, der føremålet er å bli ein del av det sosiale fellesskapet, og subjektivisering, som dreier seg om autonomi og dømmekraft (Biesta, 2017). I ReTPro utviklar me difor studentane sine undervisingsrepertoar av målretta handlingar som tek vare på alle desse tre pedagogiske føremåla. I første omgang er det eit mål å utvikla undervisningsrepertoar i matematikk og engelsk der me nyttar undervisningsmetodane læringsdialogen og pedagogisk drama for å møta Fagfornyinga sitt verdigrunnlag knytt til inklusjon og demokratisk medborgarskap. Læringsdialogen og drama er metodar som kvar på sin måte legg til rette for å utvikla dømmekraft gjennom dialogiske møte. ReTPro er eit samarbeidsprosjekt mellom lærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet, Haugesund og Stord kommunar og tre grunnskular, ein i Haugesund og to på Stord. Me samarbeider også med universitetet i Aberdeen, Skottland og universitetet i Limerick, Irland.


Project leader: Vigdis Vangsnes

Started: 2021

Ends: 2025

Category: Statlige høyskoler

Sector: UoH-sektor

Budget: 11999994

Institution: HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Address: NA