Norwegian AI Directory
Description:
Det fyrste hovudformålet med prosjektet er å forstå korleis fiskarar i Barentshavet avgjer bruk av innsatsfaktorar som båtar, utstyr, mannskap og drivstoff under gitte forutsetningar om fiskebestandar, fiskerettighetar, og miljø- og marknadsforhold. Aktuelle tema er korleis faktorbruken endrast med teknologiske framskritt, bestandsendringar, bifangst, og adferd meir generelt. Me må og ta omsyn til økologiske samspel mellom ulike artar og bestandar i økosystemet. Andre relevante aspekt er klimaendringar, marknadskrefter, og reguleringar. Ei nykelutfordring vert å skilje mellom ulike påverkningar.
Prosjektet vil nytta omfattande kunnskap og data om fiskeria i Barentshavet, inkludert økosystemmodellar, lønsemdundersøkinga i norske fiskeri, fiskeridata frå Fiskeridirektoratet, samt data frå Global Fishing Watch. Dette vil forme fundamentet for ei økologisk og økonomisk forståing av fiskeriproduksjonen i Barentshavet under uvisse, klimapåverknad, og regulering.
Det andre hovudformålet er å nytta denne forståinga av fiskeriproduksjon, i form av ein produksjonsfunksjon, til å berekne den samfunnsmessige verdien av ressursbruken. Slike berekningar ligg til grunn for å evaluere berekraft og mål på knappheit og ulike bytteforhold som går utanpå marknadsbaserte mål (prisar).
Prosjektet bidrar til kunnskap om samanhengar mellom biodiversitet og økologiske funksjonar på ei side og økosystemtenester og ressursutnytting på den andre. Økologisk og økonomisk forståing vil bygge opp under berekraftig ressursbruk frå reine og sunne hav.
Eit omfattande arbeid er lagt ned i gjennomgang av litteratur og datainnsamling. Ei vidareføring av litteraturgjennomgangen er publisert i artikkelen 'A machine learning analysis of the recent environmental and resource economics literature' (Kvamsdal et al. 2021, Environmental and Resource Economics). Eit stort arbeid om modellering av økologiske samspel i Barentshavet, som bygger på omfattande data frå Havforskningsinstituttet og som tek i bruk maskinlæring, er planlagt sluttført i andre halvår, 2021. Elles har fleire av prosjektdeltakarane relevante arbeid inne til vurdering for publisering.
Project leader: Sturla Kvamsdal
Started: 2020
Ends: 2023
Category: Nasjonale samfunnsvitenskapelige institutter
Sector: Instituttsektor
Budget: 8144985
Institution: SAMFUNNS- OG NÆRINGSLIVSFORSKNING AS
Address: